Kontakt:
Steinvik Fiskefarm AS
Sandviksvegen 264, 6940 Eikefjord
Tlf: 57 75 25 90 • post@steinvik.no
Tilknytta selskap:
Følg oss gjerne:
Kontakt:
Steinvik Fiskefarm AS
Sandviksvegen 264, 6940 Eikefjord
Tlf: 57 75 25 90 • post@steinvik.no
Barlindbotn Settefisk består av to landanlegg som ligg i Barlindbotn i Kinn kommune og Svelgen i Bremanger kommune. . Barlindbotn settefisk blei etablert i 1988 med Bru Fiskeoppdrett og Steinvik Fiskefarm som aksjonærar. I 2014 vart Steinvik-gruppa eineeigar av Barlindbotn, slik at i dag har Steinvik Fiskefarm tilgang til all produksjon. Produksjonen i Barlindbotn har bestått av å klekke rogn til yngel og vidare produsere yngel til smolt, som til slutt vert seld og sett ut i matfiskanlegg. Gjennom 90-talet selde Barlindbotn smolt til både Steinvik Fiskefarm og andre aktørar i bransjen. I dag sel Barlindbotn smolten stort sett berre til Steinvik Fiskefarm, ettersom dei har hatt behov for det årlege produksjonsvolumet.
I 2011 starta Steinvik Fiskefarm planlegginga med å etablere eit postsmoltanlegg, som har til føremål å produsere laksen større på land før utsett til sjølokalitetar. Etter mange år med planlegging, etableringsprosessar og bygging, stod postsmoltanlegget ferdig i Svelgen i 2021. Her tek anlegget i mot smolt på ca. 100-150 gram frå Barlindbotn settefisk. Smolten veks vidare i kara i Svelgen til fisken når ei vekt på ca. 600 – 900g.
Barlindbotn 261, 6940 Eikefjord/
Strandvegen 22, 6723 Svelgen
Org: 948 825 627