Kontakt:
Steinvik Fiskefarm AS
Sandviksvegen 264, 6940 Eikefjord
Tlf: 57 75 25 90 • post@steinvik.no
Tilknytta selskap:
Følg oss gjerne:
Kontakt:
Steinvik Fiskefarm AS
Sandviksvegen 264, 6940 Eikefjord
Tlf: 57 75 25 90 • post@steinvik.no
Inge Helge Vassbotten vaks opp på garden på Steinvik med foreldra Arvid og Magnhild Vassbotten som jordbrukarar. Med nærleik til sjøen, dreiv dei med fiske som attåtnæring til garden. Her vart grunnlaget lagt for pionerarbeidet Inge Helge la ned med lakseyngel og settefisk i ferskvatn.
Tidleg på 1980-talet starta Inge Helge Bru Fiskeoppdrett saman med Almar og Dagfinn Ellingsund. Her vart det produksjon av settefisk i Storevatnet nær Steinvik. Mykje av arbeidet som blei lagt ned var pionerarbeid. Med tøffe tak, lange dagar og netter jobba Inge Helge iherdig for å lukkast. Med pågangsmot og stor innsats la han fundamentet som seinare utvikla seg til den aktiviteten som har vakse fram på Steinvik.
Inge Helge såg tidleg potensialet i å produsere fisken frå yngel til slakteklar fisk. For å kunne produsere fisken klar til slakt i sjøfasen, måtte ein få tildelt konsesjon frå staten. Inge Helge vart då pådrivar for å søkje konsesjon som han gjorde i 1981 og 1984, men fekk avslag. Ein ny søknad blei sendt inn i 1986, og denne gongen fekk Inge Helge saman med sonen Alex tildeling. Dette blei året Steinvik Fiskefarm fekk bein å gå på.
Når Inge Helge og Alex stifta Steinvik Fiskefarm blei det behov for meir smolt. Inge gjekk i bresjen for å få etablert Barlindbotn Settefisk, der Bru Fiskeoppdrett og Steinvik Fiskefarm skulle være eigarar. Prosessen med å få etablert nytt settefiskanlegg blei ei særs krevjande oppgåve, men Inge Helge stod i stormen og i 1988 blei Barlindbotn Settefisk stifta. Seinare selde Almar og Dagfinn seg ut av Bru Fiskeoppdrett, og i dag er det Inge Helge og Alex som har kontrollen over både Barlindbotn Settefisk og Steinvik Fiskefarm. Med lang erfaring og kompetanse innan oppdrett var Inge Helge også pådrivar for å få etablert postsmoltanlegg i Svelgen som i dag er ein del av Barlindbotn Settefisk. Å produsere fisken større på land før den blir sett ut i sjø har vist seg å være ein viktig milepæl for drifta på Steinvik.
Alex Vassbotten vaks også opp på garden på Steinvik med foreldra Inge Helge og Olaug Vassbotten, og besteforeldra i nærleiken. Etter ynskje frå Inge Helge starta Alex på fiskefagskulen i Austevoll i 1983. Etter endt skulegong fekk han jobb som driftsleiar ved Bergen Fiskemat Oppdrett i Rogndalsvåg ved Rekstad i Flora kommune. Her jobba han i fire år fram til han fekk eigen konsesjon saman med far, Inge Helge, på Steinvik.
Steinvik Fiskefarm vart stifta etter at tildelinga av konsesjon kom på plass i 1986. Drifta starta Alex og Inge Helge saman, med Steinvik som deira fyrste lokalitet for fisk i sjø. Herav namnet Steinvik Fiskefarm.
Opp gjennom åra har Alex vore ein pådrivar og entreprenør for ulike oppdrettsrelaterte selskap, som til dømes eksportfirma, samarbeid og service-nettverk, dykkarselskap, utviklingsselskap og ingeniørselskap. Alex har stadig nye idear og tankar for framtida, med stor iver for å utvikle både eigne selskap, men også næringa. Alex er oppteken av at ein må følgja godt med i tida når ein driv ei vekstnæring som havbruk, som stadig er i endring.
Etter nærare 35 år som dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm, som har vakse seg omfangsrik med 9 lokalitetar på sjø, settefisk, postsmolt og rensefiskanlegg med over 60 tilsette, kjende Alex på tidsknipa. Det var på tide å få hjelp av yngre krefter. Erlend, eldste son, vart spurt om å overta som dagleg leiar for sjøanlegga i Steinvik Fiskefarm. Seint i 2019 takka Erlend ja til oppgåva og tok over roret i starten av 2020.
Dermed er det no tredje generasjon som driv anlegga i Steinvik Fiskefarm. Erlend har også oppveksten sin på garden Steinvik, i oldeforeldra sitt hus, og med foreldra Alex og Anne Karin. I skuleferiane prøvde han ut dei fleste typar arbeidsoppgåver innan havbruk i drifta på Steinvik.
Erlend tok fyrst ein bachelor i økonomi og leiing i Oslo, før han fann ut at det var bransjen han vaks opp med han ville jobba i. Vidare frå Oslo gjekk vegen til Bodø for å fullføre eit årsstudium i havbruksdrift og leiing.
Etter fullført skule fekk Erlend seg arbeid i Lerøy Sjøtroll, der han blant anna har vore innom stillingane som lokalitetsleiar og biologisk controller.
Med nær 60 tilsette, nye utviklingsprosjekt og utfordringar, har Erlend nok å bryna seg på. Arbeidet framover blir å gjere verksemda meir robust ved å tilpasse seg i tråd med utviklinga i næringa.