Spennande moglegheiter
i ein framtidsretta bransje

Vi driv i ei spennande næring i sterk utvikling, og kan tilby eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.

Steinvik-gruppa har fleire selskap som treng variert kompetanse. Både tradisjonell kompetanse knytt til drift, men også ny kompetanse i takt med utviklinga i næringa. I dag har Steinvik-gruppa mange ulike stillingar i selskapet.

For drift på sjø gjennom Steinvik Fiskefarm, er det tilsett driftsteknikarar som dagleg er ute og røktar laksen, auren og rensefisken på lokalitetane. Vi har båtførarar som kan navigere og operere blant anna kranar på større fartøy til drift og vedlikehaldsarbeid. Vi har fôringsansvarlege som har kompetanse på fôring av fisken, som blir fjernstyrt frå  hovudkontoret vårt eller på lokalitetar når det er naudsynt. For å få best mogleg effekt, stell og oppfølging av rensefisken, har vi rensefiskoordinator. På basen vår har vi eigen verkstad. Her har vi ansvarleg mekanikar, som har tilsyn med båtar og anna som treng vedlikehald.

I administrasjonen har vi primært tilsett leiarfunksjonar. Her finn vi driftssjef som planlegg dagleg drift, produksjonssjef som planlegg produksjonen, kvalitetsleiarleiar for strategi og finansleiar for rekneskap og HR samt fiskehelseansvarleg. På visningssenteret har vi guide som fungerer som leiar for visning, som tek i mot besøkande jamt og trutt.

På våre landanlegg har vi tilsett driftsteknikarar som syt for dagleg røkting av fisken, oppfølging av fôring og vedlikehald av driftsutstyr. Her har vi og feltbiolog som jobbar tett med internt og eksternt fiskehelsepersonell. På landanlegga finn vi og leiarfunksjonar som driftsleiar og produksjonsleiarar. Landanlegga er utstyrte med mange mekaniske og elektriske komponentar for å halde drifta oppe 24 timar i døgeret. For å syte for at anlegga presterer best mogleg, har vi teknisk leiar, vedlikehaldsansvarleg og miljøkoordinator.

Steinvik er og ei lærlingbedrift og tek inn lærlingar i akvakultur og mekaniske fag. I tillegg til dei nemnte funksjonane i Steinvik-gruppa, har bedrifta spennande tilknytta selskap innan dykkingprosjektering og sal og eksport. Les meir om desse ved å klikke på dei einskilde selskapa nederst på sida under «tilknytta selskap».

Når behovet melder seg for ny eller påfyll av relevant kompetanse, kan ein sjå ledige stillingar på sida under her. Er det ikkje ledige stillingar, men du har interesse av å komme i kontakt med Steinvik for å undersøkje om du har relevant erfaring, som selskapet kan vere interessert i, kan du ta kontakt med leiarane for dei ulike selskapa. For Steinvik er det interessant å komme i kontakt med personell som har fagbrev i akvakultur eller erfaring med drift av landbaserte anlegg. Kontaktinfo finn du her.

LEDIGE STILLINGAR

For å sjå våre ledige stillingar, klikk deg inn på finn.no