Kven er vi?
Kva gjer vi?
Steinvik består av selskapa Steinvik Fiskefarm, Steinvik Fiskefarm Visningssenter, Steinvik Rensefisk og Barlindbotn Settefisk som til saman har over 60 tilsette. I Steinvik produserer vi laks og aure fordelt på 9 sjølokalitetar i Kinn og Askvoll kommune, samt settefisk, storsmolt og rensefisk på land i Kinn og Bremanger kommune. Steinvik driv også med formidling av havbrukshistorie på visningssenteret, som ein finn på Steinvika der det heile starta.