Lågt klimaavtrykk

I alle ledd i vår produksjon jobbar vi mot å sikre god økonomisk, samfunnsmessig og miljømessig bærekraft.

FN sine bærekraftsmål er kjende for mange, også for Steinvik. For å gjera det lett forståeleg : her er nokre konkrete tiltak Steinvik har utført og jobbar med.

Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no
Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no

Gjenbruk og reinsing

I dag er det krav til reinsing av avløpsvatn for alle settefiskanlegg. Som ein del av denne prosessen blir alt av slam samla opp og tørka. Tørka slam har ein gjenbruksverdi og blir i dag levert som gjødsel. I framtida er det også mogleg at slam kan nyttast til andre føremål som skapar sirkulær økonomi, som til dømes biogass. For eit settefiskanlegg er det større energibruk samanlikna med eit sjøanlegg. For Steinvik sitt storsmoltanlegg i Svelgen, er det starta eit føretak som heiter Miljøvarme, der blant anna Steinvik er med og får tilgang til spillvarme frå Elkem. Ved å ta del i spillvarmen kan Steinvik redusere sin energibruk. Energibruken på eit landanlegg i dag går hovudsakeleg til å varme opp vatn slik at fisken får den temperaturen i kara som er optimal.

Berekraftig fôr til fisken

For å kunne produsere den beste laksen og auren, må fisken få det beste fôret tilgjengeleg. Steinvik er medlem i Salmon Group, som er eit nettverk for familieeigde oppdrettsselskap i Noreg. Salmon Group forhandlar fôravtalar for medlemmane i nettverket og har utvikla sin eigen fôrresept. Eit viktig fokusområde for Salmon Group er berekraftige råvarer i fôret. Tiltak som Salmon Group blant anna har gjort, er å kutte soya frå Brasil, inkludere meir algar i fôret og auke utnyttinga av marine produkt. Dette gjer til at fôret vi nyttar har omtrent 50% mindre karbonfotavtrykk samanlikna med anna oppdretta laks og aure.

BEREKRAFTIG FISKEFÔR - www.steinvik.no
Bilde av rensefisk - Steinvik Rensefisk - www.steinvik.no

Rensefisk

Den store utfordringa i oppdrettsnæringa i dag og i lengre tid, har vore lakselusa. Lakselusa er ein naturleg parasitt som lever i sjøen og festar seg på laks og aure. Næringa har strenge krav for å halde låge lusegrenser, og for å unngå at lusebestanden skal auke og såleis påverke villaks. Nærmar ein seg lusegrensa, må ein avluse. Steinvik produserer og nyttar i dag oppdretta berggylte. Berggylte er ein robust fisk og ein effektiv lusebeitar. Ved å nytte berggylta, nappar den og et lakselus som har festa seg på laksen. Slik held vi lusetala nede. Dette fører til mindre behov for avlusing, som igjen ville ha ført til høgare energibruk gjennom  nytte av fartøy og maskiner.  Når ein reduserer behovet for avlusing og håndtering av laksen, minskar ein stress og påkjenning for laksen slik at vi sikrar god vekst og helse fram til slakting.

Avlusing

Når lusa fyrst kjem og ein må til å avluse, er det viktig å gjennomføre ein slik operasjon så skånsamt som mogleg for fisken og miljøet. Steinvik har i dag ein avtale gjennom samarbeidsselskapet Godfisken, som leiger ein brønnbåt med avlusingsverktøy på dekk. I dag fjernar Steinvik lusa ved å ta om bord fisken i brønnbåt og holde den i nokre timar i ferskvatn. Lusa toler ikkje ferskvatn, men laksen toler det. Ved å halde laksen i ferskvatn over tid, dett lusa av. For å sikre at all lus dett av, går laksen til slutt inn i eit kar med oppvarma sjøvatn. Lusa toler også dårleg vatn med høgare temperatur opp mot 28 grader. Ved å fjerne lus med å bruke ferskvatn og oppvarma sjøvatn, brukar Steinvik ingen kjemikaliar.  Dette er også ein god metode for miljøet.

Steinvik Fiskefarm • www.steinvik.no

Landstraum og batteriteknologi

Sjøanlegg treng fôrflåtar for å kunne gi mat til fisken. For å transportere fôret frå flåte til merdar med fisk, treng ein straum. Steinvik har i dag elektrifisert 6 av 7 fôrflåtar på sjø ved å legge kablar frå land til sjø, også kalla landstraum. Slik har vi gått frå fossildrevne aggregat til elektrisitet. Dette minskar utslepp av CO2 betydeleg lokalt. Einskilde sjøanlegg ligg slik til at det ikkje er mogleg å legge sjøkablar for å innstallere landstraum. For det sjøanlegget dette gjeld, har Steinvik batteripakke. Det fungerer slik at aggregat treng berre 2-3 timar dagleg drift  for å lade batteri, som forsyner flåten resten av dagen med naudsynt energi. Ved å nytte batteriteknologi på dette anlegget, har vi redusert behovet for å bruke aggregat med 85%.

Økologisk

I 2021 blei Steinvik debiosertifisert. Dette betyr at Steinvik kan produsere økologisk laks. Som ein del av drifta, produserer Steinvik i dag ca. 25% av den totale produksjonen økologisk. Skilnaden på konvensjonell og økologisk laks er blant anna krav til tettleik i merdane. Konvensjonell laks i dag har god plass, men økologisk laks har endå større plass. Det er også krav til eit anna fôr, som inneheld noko meir marine råvarer. I økologisk drift blir det heller ikkje nytta koparimpregnerte nøter. Kopar i nøter er meint for å halde groe vekke, slik at oksygenrikt vatn går gjennom merdane til fisken sitt beste. Ettersom ein ikkje kan nytte kopar i nøtene for økologisk drift, blir nøtene spylt med lågt trykk for å hindre groing. Såleis vert behovet for kopar i nøter redusert ved økologisk produksjon, noko som igjen er bra for miljøet.

Bilde av økologisk laks - Steinvik Fiskefarm - Seaborn - www.steinvik.no

Samfunnsansvar

Steinvik er oppteken av lokalsamfunnet vi er ein del av. Vi er ein viktig støttespelar for lag og organisasjonar, dette for å bidra til aktivitet og trivsel. Steinvik ynskjer å vere ein distriktsutbyggar, og er medeigar i fleire ulike selskap. Der det trengs, samarbeider vi også med dei andre oppdrettarane. Vi kan vise til selskapet Godfisken AS og Salmon Group. Steinvik er og aktiv medeigar i båt- og flåteprodusenten Havsterk, salsselskapet Seaborn og dykkarselskapet Aquadykk. Dessutan har Steinvik eit visningssenter, der vi aktivt tek inn skuleklassar og andre interesserte, for å bidra til å auke kunnskapen om næringa. I tillegg er Steinvik ei lærlingbedrift og har lærlingar innan mekaniske og oppdrettsfag.

Openheitslova

Utgreiing for aktsemdsvurdering

Den norske openheitslova har som føremål å fremje verksemda sin respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Vidare skal openheitslova sikre allmenn tilgang til informasjon om korleis verksemder håndterar negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Steinvik si aktsemdsvurdering for 2022 kan du laste ned under.

Dersom du ynskjer å be om informasjon om korleis Steinvik håndterar faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i høve til openheitslova § 6, er du velkommen til å gjere det ved å ta kontakt med oss.